Staten og hovudsamanslutningane LO Stat, Unio og YS Stat blei ikkje einige om den økonomiske ramma. Staten tilbydde ein lønsvekst på linje med frontfaget.

– Eg er skuffa over at det ikkje var mogeleg å kome fram til ei løysing i årets forhandlingar. For staten er det viktig å halde seg til frontfagsramma, som er på 2,7 prosent årslønsvekst. Det er viktig å respektere frontfagsmodellen, fordi den bidreg til å sikre norsk konkurranseevne og arbeidsplassar. No treng partane bistand frå Riksmeklaren for å kome i hamn, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Staten er framleis i forhandlingar med Akademikerne og vil fortsetje desse i morgon, fredag 30. april.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet representerer staten i forhandlingane med hovudsamanslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat."